Tekst og foto: Simen Slette Sunde
ATV (all terrain vehicle) er tre- eller firehjuls køyretøy som er laga for køyring i terreng. For å køyrast lovleg på veg, må dei vere registrert som anten traktor, motorsykkel eller moped.
- Folk trur at dette er noko barna kan leike med på jordet. Det er nok ganske utbreidd, seier avdelingsingeniør Torgeir Bang i Statens vegvesen, Sogn distrikt.
- Russisk rulett
Bang understrekar at dette er politiet sitt område, men trur neppe det er særleg høgt prioritert hos ordensmakta.
- Den største faren ved det, er at det kan skje ulykker. Og kva skjer med forsikringa viss barnet blir invalidisert eller skader andre? spør han retorisk.
![]() |
|
REGLAR: - Skal barn køyre ATV må det skje på lukka bane etter reglar frå Norges Motorsportforbund, seier avdelingsingeniør Torgeir Bang i Statens vegvesen, Sogn distrikt. |
Det kan kommunikasjonssjef Stein Haakonsen i Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH) svare på:
- Foreldra vil bli haldne ansvarlege. Det har vore tilfelle av regress mot foreldre. I slike tilfelle vil Trafikkforsikringsforeningen betale ut erstatning til barn som er skadde og sende rekninga til foreldra, seier Haakonsen.
Han meiner ulovleg køyring kan ha langt meir alvorlege konsekvensar enn folk trur:
- Dette er russisk rulett. Går det bra har gutungen hatt ein morosam dag. Men skulle noko skje, kan det til gjengjeld gå skikkeleg gale, seier Haakonsen.
Motorsport
Bang meiner også at foreldra bør tenkje på kva konsekvensar køyringa kan få.
- Skal ungane køyre ATV bør det vere organisert gjennom motorsportklubber og følgje regelverket til idretten, seier avdelingsingeniøren.
Bang fortel at det finst døme på at også vaksne har køyrt ulovleg og skadd seg.
Haakonsen peikar på at ein ikkje kan teikne ansvarsforsikring for uregistrerte køyretøy.
- Du blir sitjande igjen med heile rekninga, seier Haakonsen.
Han understrekar at viss køyringa skjer i regi av ein motorsportklubb skal deltakarane ha forsikring, som er obligatorisk for alle som driv organisert idrett.
Best i terreng
ATV kan registrerast anten som traktor eller som MC. Men det skjer etter strenge kriterium.
- Det er ein stabel med godkjenningar som må til. Men skal det køyrast på veg med ATV skal han vere registrert og føraren må ha førarkort, forklarer Bang.
Avdelingsingeniøren fortel at enkelte av ATVane som blir selde ikkje kan registrerast som nokon av delane.
- Då kan dei berre køyrast på lukka bane etter reglar som er sette opp av Norges Motorsportforbund, seier Bang.
![]() |
|
TRAKTOR: - Mange ønskjer å registrere ATVane som traktor. Då slipp du å betale 15.000 kroner i registreringsavgift, fortel eigar av Sogndal MC-senter AS, Idar Kollset. |
Medan mange som jobbar med trafikktryggleik er kritiske til bruk og sal av ATV, meiner han det ikkje er køyretøyet det er noko gale med.
- Dei er ikkje konstruerte for å køyre på vegane, og har terrengdekk. Men EU har godkjent ATV for køyring på vegane, så det må vi berre forhalde oss til. Det er åtferda til sjåføren som bestemmer korleis det går, seier han.
Bang meiner kjøretøyet kan være et svært nyttig reiskap for bønder, eller et rent leiketøy, avhengig av kva slags type ATV det er snakk om.
- Det er fleire som har registrerte ATVer som bruker dei til og frå jobb. Det fungerer veldig bra så lenge folk bruker det med vett. Men sjølv synes eg ikkje den mest fornuftige bruken er på veiene, seier han.
- Få bryt lova
Idar Kollset eigar Sogndal MC-senter as. Han fortel at fleire kundar ønskjer å registrere ATVane som traktorar.
- Då blir dei brukte til næringsverksemd, og ein slepp 15.000 kroner i registreringavgift. I tillegg kan kjøparane få tilbake momsen, fortel Kollset.
Andre kundar kjøper doningar som ikkje kan registrerast fordi dei ikkje oppfyller spesifikasjonane til verken traktor eller MC.
- Då skal dei berre køyrast på bane. Men heldigvis er det ikkje min jobb å passe på det, seier Kollset.
Han meiner likevel at det er få som gir blaffen i reglane.
- Dei fleste køyrer lovleg på bane. Men det vil alltid vere nokon som ikkje bryr seg om lova, seier Kollset.




