I skrivande stund har 10 personar omkome hittil i år på vegane i Sogn og Fjordane.
Svært mange av desse er under 25 år og har kome uskuldige opp i uhellet.
Trygg Trafikk er uroa over utviklinga. Vi ynskjer at trafikken skal vere tryggast mogleg for alle som ferdast på vegane våre. Null drepne og null varig skadde er Stortinget sin visjon. Den har Trygg Trafikk slutta seg til.
I tillegg til god trafikkopplæring, gode haldningar, gode og trygge vegar må vi også diverre ha trafikkontrollar. Ikkje alle som er ute på vegane følgjer trafikkreglane. Difor må vi ha overvaking og kontrollar frå både politiet og Statens vegvesen.
Det er difor svært uheldig at politimeisteren har lagt ned den eine av to UP-patruljar i fylket. Det er ein situasjonen både Fylkestrafikktryggingsutvalet og Trygg Trafikk ser på med stor uro. Dette var eit vonde han var tvinga til å gjere innanfor det innskrenka budsjettet han er tildelt frå sentralt hald.
Synleg politi og fartskontrollar er blant dei mest effektive tiltaka for å halde fartsnivået nede og luke ut dei som ikkje
har noko på vegen å gjere.
Trygg Trafikk har påpeikt dette overfor politikarane i fylket og bede dei ta dette med seg i sine parti. Det er ille om politiet
sine trafikkontrollar vert ein salderingspost på grunn av manglande løyvingar. Det heng ikkje saman med vedtaket som dei same
styresmaktene gjerde om null drepne og null varig skadde.
Trygg Trafikk krev auka løyvingar til politiet og trafikkontrollane.
Vennleg helsing frå
Audun Heggestad
Trygg Trafikk Sogn og Fjordane



