Ut frå Trygg Trafikk sitt syn er det også ein fordel at borna får trening i trafikken. Det får dei ikkje som bilpassasjerar.
I tillegg vert det mykje mindre biltrafikk på skulevegen, og det vert såleis sjølvsagt mykje tryggare å ferdast på denne vegen for barna.
Rundt mange skular er det i dag enno altfor mange foreldre som bringar og hetar borna med bil. Ein del skular har ikkje vegsystem som er tilpassa denne trafikken. Det er rett og slett ein fare for dei borna som går. Dermed vert det enno fleire foreldre som køyrer, og ein kjem inn i ein vond sirkel.
Til trass for sterke oppmodingar ser det ut til at det må sterkare lut til for å få reduksjon i bilkøyringa i skulane sitt nærområde. Nokre skular vil stenge av skulen sitt nærområde med skit og andre har stengt av vegen fysisk, laga fortau og teke bort parkeringsplassar. Då ser det ut til å begynne å hjelpe litt meir, som til dømes på Trudvang skule i Sogndal.
Trygg Trafikk vil gje honnør til dei skular og foreldre som tek denne problematikken på alvor. Nokre barn må køyrast, kanskje eit stykke på vegen, men ein treng vel ikkje alltid køyre heilt inn til skulen. Kanskje bilane kan stoppe eit stykke i frå og la barna få gå litt av skulevegen. Då kan det bli tryggare for fleire.
God tur, og hugs refleks i haustmørke. Det er ein billeg livsforsikring.
Med helsing frå
Fylkessekretær Audun Heggestad
Trygg Trafikk Sogn og Fjordane



