Fekk pris for HMS-kurs
Statkraft Energi AS, Region Midt-Norge får Trafikktryggingsprisen til Sogn og Fjordane fylkeskommune for 2010. Dei får prisen
for å ha sett trafikktrygging på dagsorden, noko dei har gjort ved å gi alle tilsette Trygg Trafikk sitt HMS-kurs i køyring
og åtferd ved bruk av køyretøy.
Sist oppdatert:25.10.10
Trafikktryggingsprisen vart delt ut på fylkestinget tysdag 19. oktober, og det var fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes, som
også er leiar for trafikktryggingsutvalet, stod for tildelinga. Regiondirektør i Statkraft Energi, Region Midt-Norge, Svein
Ove Slinde var på plass for å ta imot prisen.
Les meir på fylkeskommunen sin nettside