Frå trafikkaos til leikeplass

Før passerte bilar, drosjer og bussar forbi Trudvang skule. No er vegen stengd, og barna har fått større leikeområde.

Tekst og foto: Simen Slette Sunde

I februar vedtok Sogndal kommune at trafikken skulle dirigerast bort frå skulen. I tillegg skulle den store parkeringsplassen ved skuleplassen gjerast om til leikeområde for elevane. Dermed hadde Trudvang skule fått løn for ein lang kamp mot den nærgåande trafikken.

I år har skulen motteke fylkeskommunen sin Trafikktryggleikspris, for sitt langvarige engasjement for tryggare skulevegar og god trafikkopplæring.

- Før gjekk det ein gjennomgangsveg med mykje trafikk her. Det var bussar, drosjer, personbilar, syklistar og fotgjengarar i eit einaste kaos. Sjølv for vaksne var det vanskeleg å lese trafikkbiletet om ettermiddagane. Fleire av foreldra stoppa også på gangfeltet når dei skulle henta barna sine, fortel inspektør Aud-Marion Larsen, ved Trudvang skule.

Stengde vegen

Når fleire av dei 360 elevane vart køyrde til skulen om morgonen og henta kvar ettermiddag, vart det fort trongt om plassen.

- Folk i Sogndal køyrer gjerne heilt til døra anten dei skal på butikken eller til skulen, seier Larsen.

Skulen hadde mange kampanjar saman med arbeidsutvalet til foreldra (FAU), politiet og Trygg Trafikk. Målet var at barna skulle gå eller sykle til skulen, i staden for å bli køyrde. Det hjelpte ei lita stund, før det vart like ille igjen.

- Mange elevar, som budde i gangavstand til skulen, vart køyrde likevel, fortel rektor Bjarte Ramstad.

I dag er vegen stengd. Trafikken er omdirigert og parkeringsplassen ombygd. Foreldra som vil køyre barna, kan bruke gratis parkeringsplassar på kjøpesenteret Sogningen.

- Dei første skuledagane i haust, stoppa vi alle som køyrde inn hit og forklarde situasjonen. Vi delte ut flygeblad, tok det opp på føreldremøte og fortalde om det i avisa, seier rektor Ramstad.

Fadrar

Larsen fortel at tilbakemeldingane frå foreldra har vore svært positive.

- Fleire av dei som vart stoppa, sa dei syntest det var eit godt tiltak, seier inspektøren.

Skulen har følgd opp med ei rekkje andre tiltak for å lære barna om trafikktryggleik. Første- til tredjeklasse har opplæring i trafikkskilt på skuleplassen. Der lærer dei å bli trygge fotgjengarar og syklistar, og får kunnskap om kva dei vanlegaste skilta tyder.

- Vi har ei fadderordning der femteklassingane passar på førsteklassingane, medan dei eldste på skulen passar på andreklassingane. Dei skal blant anna ta seg av dei på skulevegen, fortel Larsen.

- Vi går til bading og går når vi er på turar og utflukter. Elevane får heile tida prøve seg som fotgjengarar i trafikken, legg Ramstad til.

Mindre mobbing

Elevane konkurrerer også seg i mellom om kven som er mest fysisk aktive.

- Dei kryssar av på eit skjema om dei går til skulen eller ikkje. Viss dei har busstransport hit, kan dei vere aktive på fritida. Dei beste blir premiert, fortel rektor.

Fleire av klassane ved skulen har ein time fysisk aktivitet kvar dag, og alle har minst 30 minuttars aktivitet som er styrt av lærarane. Det gjev resultat, meiner Larsen.

- Vi ser at elevane er meir konsentrerte og vakne og at trivselen går opp. I ei brukarundersøking seier elevane at mobbing har sunke frå lite til endå mindre, seier inspektøren.

Del via
Ukens spørsmål
');