AVLYST! Invitasjon til sykkelkurs for lærarar på 4.-7.trinn – Bergen

NB! KURSET 01.04. ER AVLYST! Vi kjem tilbake med ny kursinvitasjon og ny dato når vi veit meir om situasjonen ang. korona-viruset og handtering av dette.

Sykkel i læreplanen og innføring i den nye læringsportalen sykkeldyktig.no

Det er brei støtte for å arbeida med trafikkopplæring på sykkel i kroppsøvingsfaget i dei nye læreplanane som trer i kraft frå skuleåret 2020-21. Faget legg til rette for eit utval av aktivitetar. For dei fleste barn er det viktig å læra seg å sykla. Trafikkopplæring på sykkel skal tilføra elevane haldningar og vanar som varer livet ut, og øva evna til å bruka merksemda, tenkja risiko og ta trygge val i trafikken.

På kurset får du som lærar tips og råd om korleis du kan planleggja og gjennomføra teoretisk og praktisk opplæring ved å bruka den heilt nye læringsportalen sykkeldyktig.no

Sjå film om kvifor du bør bruka sykkeldyktig.no i opplæringa.

 Innhald

  • Trafikkopplæring på sykkel i ny læreplan i kroppsøving
  • Bruk av sykkeldyktig.no i opplæringa
  • Tryggleik og risiko
  • Foreldresamarbeid
  • Tips til praktiske øvingar på sykkel

Dato: 01.04.2020

Tid: 10:00 - 14:00

Stad: Bergen. Nærare informasjon om stad vert lagt ut seinare.

Kurset vert finansiert av Trafikktryggingsutvalet i Vestland og Finans Noreg. Kurset er difor gratis for alle og det vert servert lunsj.

PÅMELDINGSLENKJE HER

Påmeldingsfrist 18.mars

Ta gjerne kontakt med regionsleiar Knut Olav Røssland Nestås om du har spørsmål eller ynskjer meir informasjon om kurset: nestas@tryggtrafikk.no.no, tlf.: 412 06 132

 

Sted
Scandic Ørnen Kart
Tid
1. april 2020
10:00 - 14:00

Kurskontakt
Knut Olav Røssland Nestås Regionsleiar Vestland