Invitasjon til nettverksmøte i Sogn og Fjordane For ungdomsskulelærarar i trafikk valfag / trafikalt grunnkurs

Trygg Trafikk vil i samarbeid med Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU) invitere lærarar frå ungdomsskulane i Sogn og Fjordane som driv med trafikk / trafikkvalfag / Trafikalt Grunnkurs til nettverksmøte i Sogndal.

Tid: Onsdag 4. september 2019 kl. 10.00-14.30

Stad: Quality Hotel Sogndal

Om samlinga:

Vi veit at mange lærarar som føler seg «aleine».

På denne samlinga vil vi sjå nærmare på det faglege innhaldet i det Trafikale Grunnkurset.

I tillegg vil vi kome innom korleis skal vi legge opp undervisninga slik at den vert både praktisk retta og at den inneheld den teorien den skal utan at faget vert oppfatta som «kjedeleg» eller uinteressant?  Korleis skal karakterane setjast? Kva slags undervisningsmateriell kan vi nytte?

Hovudansvarleg for programmet er rådgjevar Torunn Mevik frå Trygg Trafikk sentralt. Ho har bakgrunn som ungdomsskulelærar med undervisning både frå trafikkvalfag og Trafikalt Grunnkurs. I tillegg vil Hans Olav Hellesø frå Statens vegvesen som vil snakke om ulykkesutvikling og ulykkesanalyse.

Agenda:

·        Kort presentasjon av kurshaldar og deltakarar

·        Ulykkesutvikling og korleis nyttar vi dette inn i undervisninga

·        Presentasjon av valfaget trafikk og gyldige modellar for trafikalt grunnkurs som ein del av valfaget. Kor står vi?

·        Veiledning i valfaget trafikk

.        Nye læreplaner - hva er nytt?

·        Erfaringsdeling og spørsmål frå deltakarane.

Kurset er gratis inklusivt lunch på hotellet då vi får støtte frå Fylkestrafikktryggingsutvalet ( FTU ) i Sogn og Fjordane.

Dersom nokon har lang reiseveg og treng overnatting kan vi dekke denne etter avtale.

Berre ta kontakt, gjerne på mail.

Gå til påmeldingsskjema

Påmelding innan fredag 23.august 2019

 

 

 

Sted
Quality Sogndal Kart
Tid
4. september 2019
10:00 - 14:30

Kurskontakt
Audun Heggestad Distriktsleder Sogn og Fjordane