Hordaland

Trygg Trafikk når ut til heile landa gjennom distriktskontora sine. I Hordaland ligg distriktskontoret i Bergen, men distriktsleiaren er også på ein del reiseaktivitet andre stader i fylket.

Trygg Trafikk
Hordaland

Besøksadresse
Agnes Mowinckels gate 5, fylkeshuset, 5008 Bergen
Postadresse
Postboks 7900, 5020 Bergen
hordaland@tryggtrafikkk.no
Distriktsleder
Knut Olav Røssland Nestås
Telefon: 41 20 61 32
nestas@tryggtrafikk.no

Distriktsleiaren er ansvarleg for å ta i vare trafikksikringsarbeidet i fylka med omsyn til Trygg Trafikk si rolle og organisasjonen sitt eige planverk. Det er eit tett og godt samarbeid med Hordaland fylkeskommune, m.a. med involvering i utarbeiding av fylkeskommunale planar med innverknad på trafikktryggleiken.

Trygg Trafikk har også kurs for faggrupper, utviklar nettverk og gjennomfører vedtekne aktivitetar. Kjerneoppgåver for distriktskontora er godkjenningsordninga «Trafikksikker kommune», vidareutvikling av «Hjertesone»-konseptet, å påverka lokale avgjersletakarar til å prioritera trafikktryggleik, bistå barnehagar og skular slik at born i fylket får ein trafikksikker oppvekst, samt jobba for påverka trafikantar til å ta riktige val i trafikken.

Distriktsleiaren er også Trygg Trafikk sin mediekontakt i fylket.

Knut Olav Røssland Nestås
Knut Olav Røssland Nestås Distriktsleder Hordaland
Åslaug Bergsvåg Distriktsmedarbeider Hordaland