Hopp til hovedinnhold
  • Gå
    • Bruk beina
    • Refleks
    • Hvilken side av veien skal vi gå på?
    • Trafikkregler for fotgjengere
    • Nyttige tips til fotgjengere
    • Trafikksikker kommune
    • Nettbutikk
  • Sykle
    • Trygg og sikker sykling
    • Barn som sykler
    • Barn med på sykkelen
    • Sykkelhjelm
    • El-sykkel
    • Lover og regler på sykkel
    • Nullvekst og nullvisjon
    • Trafikksikker kommune
    • Nettbutikk
  • Kjøre
    • Barn i bil
    • Fart
    • Bilbelte og sikring
    • Sikkerhet i bil
    • MC og andre kjøretøy
    • Bobil
    • Tips på veien
    • Øvelseskjøring og førerkort
    • Rus og helse
    • Trafikksikker kommune
    • Nettbutikk
  • Om Trygg Trafikk
    • Om organisasjonen
    • Kontakt
    • Regionkontor
    • Trafikksikkerhetskonferansen
    • Statistikk
    • Dokumenter og lenker
    • Ledige stillinger
    • Samarbeidspartnere
    • Media
    • Trygg Trafikk mener
    • Aktuelt
    • Kurs og aktiviteter
    • Trafikksikker kommune
    • Nettbutikk
Trygg Trafikk
  • Barnehage
  • Barnas Trafikklubb
  • Skole
Trygg Trafikk
Hjem » Skole » Støttemateriell » 1.- 4. trinn » Gåprøve barnetrinn » Gå langs veg

Gå langs veg

Del på Facebook Del på Twitter Skriv ut denne siden Send denne siden i en e-post

Fotgjengar i trafikken

Ein person som går i trafikken kallar vi fotgjengar.

Du kan gå langs vegar, på fortau og på gang- og sykkelveg. Det tryggaste er å gå på fortau og på gang- og sykkelveg der det er.

Fotgjengarar har også trafikkreglar som må følgjast slik at alle kjem trygt fram i trafikken.

Dei som brukar sparkesykkel, rullebrett, rulleski, rulleskøyter, trehjulssykkel og rullestol er også fotgjengarar og må følgje trafikkreglane som gjeld.

Gå langs veg utan fortau

Gå på venstre side av vegen der det ikkje er fortau eller gang- og sykkelveg. Då ser du lettare dei bilane som kjem imot deg.

Det tryggaste er å gå etter kvarandre i rekke om fleire går saman. Gå roleg og ver merksam.

Nokre gonger kan det vere tryggast å gå på høgre side av vegen. For eksempel før ein sving eller bakketopp.

Spørsmål:

  • Kan du forskjell på venstre og høgre?
  • Kan du nokre hugsereglar for forskjellen på venstre og høgre?

Gå på fortau

Fortau er laga for fotgjengarar. På fortau kan de gå på sida av kvarandre.

Gå roleg og ver merksam på andre fotgjengarar.

Sjølv om fortau er for fotgjengarar, er det også lov til å sykle der. Difor må du vere merksam på at det kan komme syklistar som skal forbi deg.

Spørsmål:

  • Er det fortau der du pleier å gå?
  • Kven kan bruke fortauet?
  • Kva må du hugse når du går på fortau?

Gå på gang- og sykkelveg

På gang- og sykkelveg deler du plassen med syklistane.

Du kan velgje kva side du vil gå på, men også her må du gå forsiktig og sjå deg godt for. Det kan komme syklistar i stor fart og difor kan du ikkje gå midt i vegen.

Spørsmål:

  • Er det gang- og sykkelveg der du pleier å gå?
  • Kva må du hugse på når du går på ein gang- og sykkelveg?
Trygg Trafikk
  • Trygg Trafikk på Facebook
  • Trygg Trafikk på Twitter
  • Trygg Trafikk på YouTube
Meld deg på våre nyhetsbrev
  • Les vår personvernerklæring

  • Kontakt
  • Media
  • Personvern
  • Information in english
  • Vi bruker cookies
  • Design og kode av: Godt Sagt
Trykk enter for å søke