Beskriving av ferdigheitsøvingane:
3. Slalåm
Sykle slalåm mellom markørar utan å kome bort i dei eller setje foten i bakken.
Trygg Trafikk anbefaler å gjennomføre ei ferdigheitsløype med 10 øvingar. Øvingane viser korleis elevane meistrar sykkelen og er dei same øvingane som i sykkelprøve i skulegarden.
Øvingane må utførast på eit område utan trafikk, for eksempel skulegarden eller ein grusbane. Det må vere så god avstand mellom øvingane at elevane har tid nok til å orientere seg, gje teikn osb.
Rekkefølgja på øvingane kan godt tilpassast lokale høve og alle øvingane må heller ikkje gjennomførast samtidig.
Dette treng du for å setje opp og gjennomføre løypa: stoppeklokke, måleband, vippeplanke (3 m x 20 cm) og markørar, for eksempel kjegler, plastflasker, kritt, tau eller liknande.
Forslag til oppsett av løype finn du under «Lærerveiledning og tips til gjennomføring».
Starte syklinga utan å kome bort i dei markerte linene eller setje foten i bakken.
Sjå deg tilbake mot venstre, gje tydeleg teikn og passere på venstre sida av ei hindring utan å vingle elelr setje foten i bakken. Svingen gjer du med begge hendene på styret.
Sykle slalåm mellom markørar utan å kome bort i dei eller setje foten i bakken.
Sjå deg tilbake mot høgre, gje tydeleg teikn og sving til høgre rundt ei markering utan å kome bort i henne eller setje foten i bakken. Svingen gjer du med begge hendene på styret.
Stopp framfor eit «gangfelt», gå av sykkelen og sjå til begge sider og bakover, deretter trillar du sykkelen over gangfeltet og syklar vidare utan å vingle.
Sykle i gangfart over ein vippeplanke utan å kome utanfor eller setje foten i bakken.
Sjå deg tilbake mot venstre, gje tydeleg teikn og deretter snu utan å kome bort i markeringane eller setje foten i bakken. Svingen gjer du med begge hendene på styret.
Sykle gjennom ein sving utan å kome bort i markeringane eller setje foten i bakken.
Bruk minst 10 sekund på 10 meter utan å kome bort i markeringane eller setje foten i bakken.
Sykle i hurtig tempo, begynn å bremse ved markeringa og stopp sykkelen så fort som råd utan å låse nokon av hjula.
Det er lettast å halde balansen når sykkelen har god fart. Men det er også viktig å kunne halde balansen når du syklar sakte, for eksempel når du syklar i nærleiken av fotgjengarar. Øv deg på å sykle sakte. Kanskje du til og med klarar å balansere på sykkelen medan han står heilt stille?
Slik gjer du:
Syklistar må ofte kome seg forbi steinar, røter eller fortauskantar.
Slik gjer du:
Legg gjerne inn ei ekstra øving i ferdigheitsløypa der elevane skal øve på å sykle over ei hindring.