Læringsmål for påbode utstyr og sykkelhjelm
Du skal kunne:
- vite kva som er påbode utstyr på sykkel.
- vite korleis du brukar sykkelhjelm på rett måte.
Påbode utstyr på sykkel er:
Nokre syklar vert selde utan påbode utstyr. Du har sjølv ansvar for at utstyret vert montert før du begynner å bruke sykkelen.
Sykkelen skal ha brems både på framhjulet og på bakhjulet. Dei skal vere så gode at du kan stoppe sykkelen på ein rask og sikker måte. Du skal også kunne bremse med begge hendene på styret.
Øv på å bremse riktig. Bremsar du for hardt med frambremsen, kan du risikere å bli kasta fram over styret. Sjekk også korleis bremsane verkar, og at dei er gode nok. Dette er spesielt viktig når du brukar ein ukjend sykkel. Bremsane på ein sykkel du har lånt kan oppføre seg annleis enn på sykkelen du vanlegvis brukar.
Sykkelen skal ha raud refleks bak. På begge sider av pedalane skal det vere kvit eller gul refleks. Dersom du ikkje kan feste refleksar på pedalane, skal det i staden vere refleks på pedalarmane.
I tillegg kan du ha kvit refleks framme på sykkelen og refleks på eikene. Eikerefleksane gjer at du synest betre frå sida, for eksempel når du kryssar vegen.
Av og til må du kanskje varsle fotgjengarar eller andre syklistar, og då kan du gje lyd med signalklokka.
Anna varselapparat enn signalklokke er forbode.
Det er påbode å bruke lykt når du syklar i mørkeret og i ver som gjev dårleg sikt, for eksempel i regn, snø eller tåke.
Framme skal det vere ei lykt med gult eller kvitt lys, og bak skal du ha raudt lys.
Lyset skal kunne sjåast tydeleg 300 meter unna. Du kan godt bruke blinkande lys både framme og bak, men då skal lyset blinke med minst 120 blink i minuttet. Hugs også at lyktene skal vere festa til sykkelen. Det er ikkje nok å halde lykta i handa eller å feste ho på kleda.
Kvart år må fleire tusen i Noreg til lege etter uhell på sykkel. Ein stor del av desse får hovudskadar. Nokre skadar seg fordi dei kolliderer med fotgjengarar, syklar eller bilar, men dei fleste skadar seg faktisk når dei veltar med sykkelen heilt åleine.
Ei ulykke skjer ofte så fort og med så stor kraft at du verken rekk eller klarar å ta deg for med hendene. Då er hjelmen ei billeg og effektiv beskytting. Han hindrar ikkje at du dett av sykkelen eller at du vert påkøyrd, men han beskyttar hovudet ditt slik at skadane ikkje blir så alvorlege.
Ein trygg sykkel vert vaska og halden i god stand. Her er nokre råd om kva du kan gjere sjølv:
Dersom bremser og gir ikkje verkar som dei skal, må du få hjelp av ein vaksen til å reparere det.
Du skal kunne: