Sykkelprøve i trafikken
















Ved trening på øvingar i trafikken anbefaler Trygg Trafikk at det er tilstrekkeleg med vaksne tilstade. Dei vaksne må plassere seg slik at dei kan observere og rettleie elevane, og at dei kan gripe inn for å hindre ulykker. Det krev at alle faremoment er kartlagt og at dei vaksne er vel informert om oppgåvene dei skal ha. Både elevar og vaksne bør ha på seg refleksvestar for å vere synlege.
Lokale tilhøve kan gjere det nødvendig å erstatte øvingane som er foreslegne her med andre og meir relevante øvingar. Dersom trafikktilhøva ved skulen er slik at elevar på 4.-5.trinn ikkje bør sykle der, kan de utføre øvingane for eksempel på ein gang- og sykkelveg.
Det er ikkje meint at elevar på dette nivået skal kunne tolke og vurdere farlege trafikksituasjonar.
Hugs sykkelhjelm!
Beskriving av øvingar
1. Start frå vegkant
- Start frå høgre side av vegen.
- Forsikre deg om at det ikkje kjem trafikk bakfrå før du startar.
- Du skal kunne setje sykkelen i gang utan å vingle eller miste balansen.
Beskriving av øvingar
2. Køyre forbi hindring (parkert bil)
- Du skal sykle langs høgre side av vegen og passere ein parkert bil (eventuelt ei markert hindring).
- Du skal sjå deg bakover i god tid for å forsikre deg om at det ikkje kjem annan trafikk bakfrå. Trafikk framanfrå skal heller ikkje uroast.
- Du skal gje teikn til venstre før du svinger, men halde begge hendene på styret i svingen.
- Du skal halde god avstand til bilen som blir passert for å unngå å bli treft av bildør som vert opna.
Beskriving av øvingar
3. Snu på veg
- Du skal vise at du kan snu på vegen på ein trygg måte.
- Før du snur, skal du forsikre deg om at det ikkje kjem trafikk framanfrå eller bakfrå.
- Deretter skal du gje tydeleg teikn til venstre, før du snur med begge hendene på styret.
- Du held så fram langs høgre sida i motsett retning.
Beskriving av øvingar
4. Vikeplikt i kryss
- Du skal sykle rett fram i eit kryss.
- Før krysset skal du senke farten og sjå etter trafikk frå alle kantar.
- Kjem det trafikk frå høgre, skal du vise at du kan regelen om vikeplikt.
- Når det er klart frå alle kantar, kan du sykle vidare over krysset.
Beskriving av øvingar
5. Stor venstresving i kryss
- Venstresving i kryss er ein komplisert manøver i trafikken.
- På dette nivået skal du foreta svingen ved først å sjå etter trafikk frå alle kantar.
- Når det er klart, syklar du rett fram over krysset og stoppar tett inntil kanten.
- Deretter skal du på nytt forsikre deg om at det ikkje kjem annan trafikk, vende sykkelen 90 grader, sykle over krysset og halde fram langs høgre sida av vegen.
Beskriving av øvingar
6. Krysse veg frå gang- og sykkelveg
- Du skal vise at du har vikeplikt for all annan trafikk når du kjem frå gang- og sykkelveg eller fortau og skal krysse ein veg.
- Du senkar farten, ser deg godt for og stoppar om nødvendig for kryssande trafikk.
- Du kan også gå av sykkelen og trille han over gangfeltet som fotgjengar. Då har bilane vikeplikt for deg.
Beskriving av øvingar
7. Frå fortau til fortau over gangfelt
- Du syklar roleg på fortauet og tek omsyn til eventuelle fotgjengarar.
- Når du nærmar deg gangfeltet, stoppar du heilt opp, går av sykkelen og ser deg godt om til begge sider og bakover.
- Dersom det er klart, trillar du sykkelen over gangfeltet som fotgjengar.
- Når du kjem over på fortauet på motsett side, set du deg på sykkelen og held fram utan å vingle.