





















Vikeplikt
Å ha vikeplikt betyr at du må vente. Det er dei andre trafikantane som skal køyre , sykle eller gå før deg. Samtidig skal du vise at du vil sleppe dei andre fram før deg. Det gjer du ved å sette ned farta eller stanse heilt.
Gode råd om vikeplikt
- Stans eller slepp andre fram om du er usikker på kva vikepliktsreglar som gjeld.
- Ikkje stol på at andre stansar eller slepp deg fram sjølv om det er dei som har vikeplikt.
Høgreregelen
Høgreregelen seier at du har vikeplikt for køyrande i vegkryss som kjem frå høgre sida di.
Høgreregelen kan verke enkel, men nokre gonger kan det vere nødvendig å tenkje seg om fleire gonger. Det gjeld særleg i situasjonar der fleire køyretøy frå ulike retningar møtast.
Spørsmål:
- Av og til bør du sleppe fram andre trafikantar, sjølv om dei har vikeplikt for deg. Kvifor det, trur du?
- Syklistar kan ofte oppleve at bilistar ikkje stoppar for dei, sjølv om bilisten har vikeplikt. Kvifor er det slik, trur du?
Vikeplikt på fortau og gang- og sykkelvegar
Som syklist kan du velje om du vil sykle på fortau, gang- og sykkelvegar eller i køyrebanen.
Det gjer at du kjem enklare fram, og at du kan sykle der du føler deg tryggast.
Men å skifte arena på denne måten kan også skape farlege situasjonar.
Det skjer mange ulykker fordi syklistar kjem så brått ut i køyrebanen at bilistane ikkje rekk å bremse.
Du har vikeplikt når du forlet eit fortau eller ein gang- og sykkelveg.
Spørsmål:
- Har du opplevd ein liknande situasjon som den på bildet?
Vikeplikt på fortau og gang- og sykkelvegar
Du har vikeplikt når du syklar ut i køyrebanen frå eit fortau.
Spørsmål:
- Kva må du tenkje på når du syklar ut i køyrebanen frå eit fortau?
- Ville du ha sykla annleis om det var mørkt?
Du har også vikeplikt i desse 3 situasjonane:
Situasjon 1
Du har vikeplikt når du syklar over eit gangfelt.
Den tryggaste måten å krysse vegen med sykkel er å trille han over som ein fotgjengar, for då har trafikken i køyrebanen vikeplikt for deg.
Slik gjer du:
- Gå av sykkelen.
- Vent til du får blikkontakt med sjåføren og du er sikker på at bilen stoppar for deg.
- Trill så sykkelen over gangfeltet som ein fotgjengar.
Situasjon 2
Du har vikeplikt for fotgjengarar som vil krysse vegen i gangfelt framfor deg.
Spørsmål:
- Har du opplevd at syklistar eller andre køyrande ikkje har stoppa for deg når du skal gå over eit gangfelt?
- Kva kan du gjere om ein syklist vil krysse vegen i gangfelt framfor deg?
Situasjon 3
Du har vikeplikt for trafikk framanfrå når du svingar til venstre i vegkryss.
Som du ser her får syklisten bilen på høgre sida si når ho skal svinge.
Spørsmål:
- Kva er den tryggaste måten å sykle på her?
- Kva må du passe på før du svingar?
- Kva kan vere farleg?
- Er det andre måtar å sykle på i denne situasjonen?
- Hva kan være farlig?
- Er det andre måter å sykle på i denne situasjonen?
Vikeplikt
I ein del vegkryss er det trafikkskilta som styrer vikeplikta, og ikkje høgreregelen.
Skiltet du ser her er det vanlegaste skiltet for vikeplikt. Det viser at du har vikeplikt for andre som kjem både frå venstre og høgre.
Slik syklar du:
- sykle sakte fram til krysset, og stopp heilt om nødvendig.
- slepp fram dei som køyrer på vegen du skal krysse eller svinge inn på.
- sjekk på nytt at det er heilt klart frå alle kantar før du syklar vidare.
Spørsmål:
- Kvifor skal du sykle saktare når du nærmar deg ein stad du har vikeplikt?
STOPP
Skiltet vert nytta i kryss der det er viktig at du stoppar heilt for å få god oversikt. På slike stader har du også vikeplikt både frå venstre og høgre. Slepp fram dei som køyrer på den vegen du skal krysse eller svinge inn på. Sjekk at det er heilt klart før du syklar vidare.
Stoppskiltet vert ofte brukt på stader der det er vanskeleg å orientere seg i trafikken. Prøve heller å finne ein annan og tryggare veg, sjølv om det vil seie at du må sykle litt lengre.
Spørsmål:
- Veit du om vegar i nærområdet ditt der dette skiltet står?
- Er det i tilfelle mogleg å hell
Forkøyrsveg
Syklar du på ein veg der dette skiltet står, har du forkøyrsrett. Det vil seie at du ikkje treng å stoppe for køyrande som kjem frå ein sideveg eller ein kryssande veg. Du kan køyre først, og dei andre har då vikeplikt for deg. Du må likevel vere heilt sikker på at dei andre trafikantane har sett deg, og at dei slepp deg fram.
Spørsmål:
- Veit du om vegar i nærområdet ditt der dette skiltet står?
- Synest du i tilfelle at det er trygt å sykle der?
Læringsmål for vikeplikt
Du skal kunne:
- Forklare kva vikeplikt er.
- Forklare høgreregelen.
- Vite i kva situasjonar du har vikeplikt som syklist.
- Kunne dei ulike skilta som viser kven som har vikeplikt.