Fylkesvegnettet treng eit løft

Frå 1.1.2020 var det offisielt: Statens vegvesen og fylkeskommunen har slått opp. Kven kan no stå som garantist for at fylkesvegnettet får det løftet som trengst?

Av Knut Olav Røssland Nestås, Regionleiar for Trygg Trafikk Vestland. Saken ble første gang publisert i Bergensavisen (BA).

Farlegare på fylkesveg enn riksveg

Me treng ikkje vera vegingeniørar eller rakettforskarar for å forstå at forfallet på fylkesvegane er omfattande. Det er berre å ta seg ein tur ut på vegen og sjå. Alle kommunar i Vestland har fylkesvegar – utan unntak. Når me då òg veit at det er 80% større sjanse for å døy eller bli hardt skadd på ein fylkesveg samanlikna med ein riksveg, bør problemstillinga vera klar nok for dei fleste. Skal me som samfunn godta det? Trygg Trafikk meiner at me korkje treng eller bør godta denne skilnaden i risiko.

Statens vegvesen og fylkeskommunen har slått opp

Tidlegare har Statens vegvesen vore fylkeskommunen sin forlenga arm, som har fungert som vegforvaltarar på fylket sine vegar. Frå årsskiftet av var det slutt på denne ordninga. Mange dyktige og erfarne menneske i Statens vegvesen opplevde i praksis at arbeidsoppgåvene deira med oppfølging av fylkesvegnettet blei overført frå stat til fylke frå årsskiftet av. Det betyr at fylkeskommunen er rett adressat når du som fotgjengar, syklist, bilist eller yrkessjåfør ser noko urovekkjande på fylkesvegnettet. Eller kanskje det er som grendelagsrepresentant, foreldrerepresentant på vegne av skulen, barnehagen eller som lokalpolitikar du ynskjer å melda inn noko? Gjer det. Men det er ikkje nok med innspel. Det trengst òg midlar til utbetringar.

Stortinget og regjeringa må på bana

Utfordringane framover er store for nye Vestland fylkeskommune. Fylket får ansvar for om lag 5500 kilometer fylkesveg, fordelt på 43 kommunar. Forfallet kan ikkje berre bli sett på som eit lokalt eller regionalt problem. Det er eit nasjonalt problem. Samtidig må me erkjenna at dette er ei særleg utfordring her vestpå. Eit meir trafikksikkert vegnett krev tydelege prioriteringar frå fylkespolitikarane våre. Men dei greier det ikkje åleine. Forfallet på fylkesvegnettet i Vestland er estimert til om lag 13 milliardar. Det er for heftig for fylkespolitikarane å løysa åleine. Difor må Stortinget og regjeringa på bana med ei målretta satsing. Snart skal ein ny Nasjonal transportplan for perioden 2022-2033 på plass. Trygg Trafikk meiner det er på høg tid at planen seier noko forpliktande om fylkesvegnettet!