Altfor mange trafikkulykker om sommaren

Altfor mange trafikkulykker om sommaren

  • Siw Paulsen Didriksen
  • 09.07.2019
Sommarferien nærmar seg og med den kjem ein kraftig trafikkauke på Vestlandet. Det betyr òg høgsesong for alvorlege trafikkulykker. – Men det er inga naturlov som tilseier at det treng vera slik, er meldinga frå Fylkestrafikksikringsutvalet i Hordaland og Trygg Trafikk.

Flest alvorlege ulykker på tørr veg

Ofte er skepsisen større til is og snø om vinteren enn tørre og fine vegar om sommaren. Tala for trafikkulykker i Hordaland sidan 1990 viser derimot at me bør sjå annleis på det. Sidan 1990 har 364 menneske blitt drepne eller hardt skadde på vegar med is og snø i Hordaland. I same tidsrom har 1578 menneske blitt drepne eller hardt skadde på tørre, berre vegar her i fylket, ifølgje Statens vegvesen sitt ulykkesbarometer.

Knut Olav Røssland Nestås

̶  Ulykkestala viser at tørr veg ikkje er så trygt som me opplever det som. Fordi det kjennest tryggare aukar gjerne farten og me tek større sjansar, seier distriktsleiar for Trygg Trafikk i Hordaland, Knut Olav Nestås.

Jon Askeland

̶   Det har skjedd altfor mange trafikkulykker i Hordaland oppgjennom, særleg om sommaren. Håpet no er at sommarferien i år kan gå føre seg utan alvorlege trafikkulykker, seier leiaren i Fylkestrafikksikringsutvalet, Jon Askeland.

̶   Mange faktorar kan stressa oss og gjera oss lite merksame. Alt frå medpassasjerar, varsla på telefonen om alt mogleg og til aggressive medtrafikantar. Men ferien bør vera eit godt høve til å slappa av, rekna seg god tid og følgja fartsgrensene, seier Nestås.

Opp til deg og meg

Dei oppsiktsvekkjande skilnadane i talet ulykker på forskjellig føre uroar Askeland og Nestås. No er dei opptekne av at me i fellesskap kan unngå det same i 2019. – Det er inga naturlov som tilseier at det må vera ulykker om sommaren. Det er faktisk i stor grad opp til deg og meg. Tala tydeleggjer likevel at me må vera minst like skjerpa på tørr veg som me gjerne er på glatt veg, påpeikar dei. Fylkestrafikksikringsutvalet i Hordaland og Trygg Trafikk har følgjande råd til trafikantar i sommar:

Fire tilrådingar

1.    Hald fartsgrensene. Fartsnivået har gått ned over tid og fleire held fartsgrensene. Det har berga liv! Om fleire held fartsgrensene vil det vera til det gode både for kvar enkelt og for ulykkestala samla sett.

2.    Køyr rusfritt. Alt for mange døyr ruspåverka, og dessverre ofte òg uskuldige som blir ramma. Om du skal på fest er det ein fordel å planleggja dagen derpå slik at du ikkje treng ut og køyra bil.

3.    Bruk belte og bruk det rett! Dei fleste bruker belte. Men mange bruker beltet feil, og får skadar som lett kunne vore unngått ved riktig bruk. Beltet skal vera stramt over hofta og liggja over skuldra.

4.    Køyr bil når du køyrer bil. Mobilen kan venta til du kjem fram. Det er trass alt ferie. Må du svara på ein melding? Stans og skriv. Om du veit at mobilen blir for freistande: Legg han på lydlaus i hanskerommet.

Steng