Trafikksikringsdag for russen

Trafikksikringsdag for russen

  • paulsen@tryggtrafikk.no
  • 18.05.2018
Kvart år arrangerer TSU – Trafikkfaglig Samarbeidsutvalg i Nordhordland trafikksikringsdag for russen i regionen. Nesten 700 elevar frå Knarvik vidaregåande skule, Austrheim vidaregåande skule, Nordhordland Folkehøgskole og Askøy videregående skole stilte på årets arrangement ved Nordhordlandshallen og Knarvik kyrkje.

Sola blenkjer i panseret på den burgunderraude Audien der den heng og dinglar i 28 meters høgd over bakken. Skyene flyt i raskt driv bak heisekrana. Himmelen er blå, det er varm bris og vår i lufta. Folk strøymer til. Det vrimlar i raude buksebein. Det er den tida på året igjen – russen er laus. I alle fall snart, for før dei raude byrjar å rulle rundt på vegane, skal dei vie dagen til trafikksikringsarrangementet på Knarvik.

Tok grep etter dødsulukker

Initiativet til arrangementet kom etter ei dødsulukke på fylkesveg 57 for 12 år sidan. Då hadde det skjedd fire-fem trafikkulukker med dødeleg utfall på same vegen i laup av kort tid. Fylkesveg 57 mot Mongstad og vidare nordover er ei belasta strekning med mykje tungtrafikk. Nordhordlandsregionen har òg europaveg 39 mot Førde, ein høgtrafikkert veg som kan karakteriserast med høg fart, lite sikring og ujamn vegstandard. Ofte er det lumske forhold og underkjølt regn. Éin feil er lik front mot front.  Begge vegane er prega av mykje gjennomfartstrafikk og ruskøyring.

TSU Nordhordland består av brann og redning, politi, ambulanse, Trygg Trafikk og frivillige. Trafikksikringsarrangementet for russen er eit førebyggande arrangement. Men kvifor gjer dei dette, år etter år? Når spørsmålet dukkar opp, svarar arrangørane omtrent i munnen på kvarandre. Dette er folk som brenn for trafikktryggleik.

«Vi ser elendigheita på andre sida.», – Nils Medaas, varabrannsjef i Lindås og Meland, og leiar i TSU Nordhordland

– Vi  bur og lever i ei forhøgja risikosone. Her må vi gjere noko, fortset han. Kvar veke smell det i Nordhordland. Målet med arrangementet er å få dei ferske trafikkantane til å tenke seg om to gongar før dei trør på gasspedalen, ved å vise korleis det ser ut på andre sida. Éin augneblink, eitt nanosekund, kan endre livet for deg, for familien din, venene dine, klassekameratane, fotballaget, musikklaget, heile nettverket ditt.

– Du må ha ein plan, seier Nils til ungdommen. Du må ha lagt den planen på førehand, før du kjem i den situasjonen der du blir utrygg fordi sjåføren køyrer litt for fort. Du er sjef i eige liv, så korleis skal du seie i frå? Du er i ei risikogruppe. Ferdig snakka.

«Vi eig oppdraget saman. Vi jobbar saman – på tvers av etatane. Kanskje er det vi som gjer den litle forskjellen?», – Svein Arne Hatlevik, Politioverbetjent Nordhordland lensmannskontor

Samarbeid gir resultat

Svein-Arne preppar gjengen. Med klar og stødig røyst snakkar han om kor stolte dei kan vere av det arbeidet som blir lagt ned. Nokon får betalt, men her er det òg jobba tallause dugnadstimar. Det er ikkje brannvesenet – eller politiet – eller ambulansetenesta, her er det fellesskapet det er snakk om. Det samarbeidet dei har fått til i Nordhordland ser dei langt etter andre stader. Eit grenselaus samarbeid.

Dei raude kjeledressane sit spreidd på knausar, berg og steinar. Praten går, om handballkampen førre dagen, om lekser og ei ny jakke. Heisekrana slepp taket. Fire ringar smell i bakken. Ein dump lyd. Det er taust i folkemengda. Eit fall frå 28 meter tilsvarar ein kollisjon i 70-80 kilometer i timen. Ei grøn presenning avdukar ein demobil, ferdig krasja i tilsvarande hastigheit. To personar sit fastklemd. Russepresidentane Daniel og Erik er først på skadestaden. To raude dressar med signalgule vestar. Dei sjekkar luftvegar og ringer AMK. Meldinga frå alarmsentralen og vidare til utrykkingskøyretøya lyd over høgtalaranlegget.

«Lima 1-1. Melding like ved Nordhordlandshallen, Kvernhushaugane 4. Personbil køyrt i ein fjellvegg. To personar fastklemd.»

Sirenene ular i det fjerne, dei kjem nærare. Den første som kjem fram er ein mannskapsbil frå brannvesenet. Nils Medaas har standplass og gjennom mikrofon guidar han tilskodarflokken gjennom det som skjer. No går det slag i slag. Fleire brannbilar, ambulansar, politi. Sirenene skjer i øyro. Naudetatane jobbar raskt, men strukturert. Alle veit kva oppgåve dei har, ingen går i beina på kvarandre. Det er som ein stumfilm frå 20-talet. Brann og redning klippar i vraket med papegøyesaks, svekkar konstruksjonen så dei kan få laus frontruta og dra bilen open. Straks er ambulansepersonellet på plass, får ut dei skadde og startar augeblikkeleg livreddande behandling. Passasjeren vert køyrd vekk i ambulanse, sjåføren sitt liv står ikkje til å redde. Etter seks minuttar vert Anne erklært daud. Det går eit gisp gjennom publikum når likbilen kjem køyrande. Med eitt er det som om det går i sakte film. Den omkomne vert tildekt, lagt i likpose, og andektig løfta over på båra. Dei to gravferdsagentane bær den mellom seg og fører den inn i bagasjerommet på den svarte bilen. Lakken glinsar i sola. Luka glir att.

Hard og viktig verkelegheit

Etter demonstrasjonen får elevane kome ned på skadestaden og sjå på nært hald korleis det ser ut etter ein samanstøyt. Det knasar i glasskår under kvite Nike-sko. Ei billykt ligg slengd borti grøfta. Ein liten bekk av olje i alle regnbogens fargar renn over asfalten. Inne i Audien er rattet trykt inn i seteryggen. Det er ikkje plass til at nokon kunne sete der. Det ligg glasbitar frå frontruta i bagasjerommet. Demobilen er oppdelt i fleire bitar. Døra er avriven. Ungdomane går mellom vrakrestane, snakkar lågmælt saman, og stiller spørsmål til blålysetatane.

Så er det klart for del to. Dei raude kjeledressane strøymer inn i kyrkja. Den er fullsett. Svein Arne Hatlevik ønsker velkommen frå podiet. Først vert det vist to filmar med sterke verkemidlar. Kollisjon, blod, skrik og tårer. Store, blå, livlause babyauger og ei lita jente som gjentar og gjentar og gjentar: «Mommy, daddy please wake up.»

Ein alvorstynga Claus Sellevoll, Alversunds skodespelarsøn, les så på klingande Nordhordlandsdialekt novella Å drepe eit barn av Stig Dagerman. Ei biletleg forteljing om ein lukkeleg mann, ein lukkeleg morgon, ein lukkeleg dag, med ein ulukkeleg slutt.

«Eitt minutt før ein lukkeleg mann drep eit barn er han enno lukkeleg. Etterpå… er alt ting for seint.»

Om planar det ikkje vart noko av

Kyrkjerommet er taust.

– It comes and goes in waves, it always does. We watch as our young hearts fade into the flood. Into the flood, syng Regine Hatlevik før Ivar Holmaas stillferdig trør opp på podiet. Der skal han stå, rakrygga og stødig, og fortelja om 10. desember 2010, dagen då han mista to døtrer i ei og same bilulukke i Osterfjorden. Stemma brest éin gong. Han viser bilete, først av jentene, og så av to kvite kister. Han fortel at dei skulle på musikkøving og øve til julekonsert. Det vart ingen julekonsert, i staden spelte korpset i gravferda deira. Han fortel om knuste draumar, planar det ikkje vart noko av. Ivar viser bilete og filmklipp frå gravferda. Han fortel at saknet er sterkare enn dei trudde var mogeleg. Det er ikkje noko dei hentar fram, det berre er der. Fleire i salen kjende Kjersti og Renate. Dei vart 16 og 18 år gamle.

«Det er kort veg mellom framtidsplanar og daud. Ha ein fin vår, men ta vare på livet.», –  Ivar Holmaas, lensmann i Gulen, og far

Arrangementet vert avslutta med den heilt nye filmen som TSU har laga om gledesspreiaren Eirin Markhus som mista livet i ei trafikkulukke på Frekhaug på 15-årsdagen sin, og videoen Når alt er over, ei hyllest til naudetatane.

Programmet her varer ein time. Det er nær 700 elevar i kyrkja, ikkje ein lyd er å høyre.

 

(Skrevet av distriktsmedarbeider Åslaug Bergsvåg, Hordaland.)

Steng