Vaksne må ta ansvar for barna i trafikken

Om lag 7500 fyrsteklassingar er snart på veg ut dørene i samband med skulestart i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei er små av vekst, leikne, nysgjerrige og impulsive. Som foreldre er me barna sine viktigaste trafikklærarar dei fyrste åra. Temaet trafikk må opp med jamne mellomrom.

Men: Læring tek tid. Ganske mykje går inn eine øyret og ut det andre. Fordi ein seksåring har så mykje anna å tenkja på: «Er ikkje skulesekken min fin? Kan me eta godis på skulen? Oi, sjå, pappa! Ein sommarfugl!». Ein seksåring lever her og no, og det stort sett til glede for oss vaksne. Men det har ei bakside, og det er at dei kan opplevast som vimsete der dei går langs skulevegen. Det må me vaksne forstå. Difor er det òg me som køyrande som har det største objektive ansvaret for at det skal gå bra i trafikken når barn er i nærleiken. Me må ta ned farten, me må vera ekstra skjerpa rundt skular og me må sjå etter desse små som kjem gåande. I tillegg: Om du sjølv leverer barnet ditt i bil. Hugs på at det framleis er andre barn i området når barnet ditt er levert. Det kan ikkje vera fritt fram for høg fart og ein rask gjennomgang av e-postar på mobilen berre fordi barnet ditt er levert. Farleg skuleveg blir oppgjeve som ein av hovudgrunnane til at ikkje fleire foreldre vel å lata barna sine gå eller sykla til skulen. Det kan me gjera noko med. Det er òg snart val. I den samanheng er det viktig at politikarane våre prioriterer ei barnevenleg utvikling. Me i Trygg Trafikk er opptekne av at trafikkopplæring blir prioritert, at skular i framtida ikkje blir bygd slik at kvar og ein kan køyra kloss inn til skuleporten og så handlar det om å prioritera areal til dei som syklar og går. Konsepta «Hjertesone» og «Trafikksikker kommune» kan med fordel innførast av fleire kommunar. Å leggja til rette for dei minste og mest sårbare gjer trafikken tryggare for alle!   Knut Olav Røssland Nestås og Audun Heggestad, Trygg Trafikk   Det var på trykk i ei rekke lokalaviser både i Sogn og Fjordane og Hordaland i august 2019.