













Krysse veg med gangfelt
Sjølv om det er gangfelt, må du stoppe heilt opp, sjå til begge sider, lytte etter bilar og andre køyretøy. Syklistar kan også sykle forbi i stor fart.
Vent til du er heilt sikker på at bilane stoppar for deg før du kryssar vegen. Ved å prøve og få augekontakt med sjåføren ser du betre om dei stoppar for deg.
Spørsmål:
- Kvifor er det lurt å få augekontakt med sjåføren før du går over vegen?
Krysse veg utan gangfelt
Når du skal krysse ein veg, må du finne ein stad der det er god sikt til alle kantar. Då kan du sjå om det kjem bilar eller syklistar.
Gå alltid rett over vegen og ikkje på skrå. Då kjem du raskare over.
Spørsmål:
- Kvifor må du ha god sikt når du skal krysse ein veg?
- Kvifor skal du gå rett over vegen og ikkje på skrå?
Krysse veg utan gangfelt
Der det er svingar eller store tre har du ikkje god oversikt. Det kan komme bilar sjølv om du ikkje kan sjå eller høyre dei.
Spørsmål:
- Kvifor skal du ikkje gå over vegen i ein sving?
- Kva andre stader kan det vere farleg å gå over vegen?
- Lagar alle bilar lyd?
Krysse veg med trafikklys
Trafikklys viser når du kan krysse vegen. Du må likevel stoppe heilt opp, sjå til alle kantar, lytte etter bilar og andre køyretøy.
Sjølv om trafikklyset viser grønt lys, må du vere heilt sikker på at bilane stoppar for deg.
Nokre trafikklys lagar lyd når det lyser grønt.
Spørsmål:
- Kvifor er det ikkje trafikklys ved alle gangfelt, trur du?
- Er det trafikklys der du pleier å gå?
Krysse veg med trafikklys
I nokre lyskryss er det slik at både fotgjengarar og dei som køyrer har grønt lys samtidig. Nokre av bilane skal kanskje svinge. Då må dei køyre over gangfeltet. Stopp alltid opp og sjekk at sjåføren ser deg når du krysse vegen i slike lyskryss.
Spørsmål:
- Korleis kan du sjekke at sjåføren har sett deg før du kryssar vegen?
Krysse veg med gangbru eller undergang
Bruk gangfelt, trafikklys, gangbru eller undergang der det finst.
Vel alltid den tryggaste vegen sjølv om det kan bli litt lengre å gå.
Spørsmål:
- Kvifor er det tryggast å bruke gangbru eller undergang når du skal krysse vegen?
- Er det gangbru eller undergang der du brukar å gå?
Parkerte bilar langs vegen
Nokre stader står bilane parkert etter kvarandre langs vegen.
Det kan vere farleg å gå ut mellom parkerte bilar fordi du ikkje kan sjå bilane som køyrer på vegen så godt. Det er også vanskeleg for sjåføren å sjå deg mellom bilane slik at dei kan stoppe i tide.
Spørsmål:
- Kvifor skal du ikkje gå ut i vegen mellom parkerte bilar?